

Aktuelt
Fakturakontroll
Fakturakontroll er ein gjennomgang av nettleiga for å sjekke om grunnlaget for forbruksavgifta er rett. Vi tilbyr kundane våre denne tenesta gratis.
Vi gir deg gjerne ei innføring i korleis fakturaen er bygd opp, og kan i tillegg gje gode råd om korleis du kan gå fram for å redusere kostnadane i bedrifta.
Du kan bestille fakturakontroll med oss sjølv om du ikkje er straumkunde. Dersom vi ikkje finn noko å korrigere, er tenesta heilt gratis. Har du derimot betalt for mykje, då delar vi gevinsten.
Bruk skjemaet lenger nede på sida for å bestille fakturakontroll.
Viktig innsikt og mogelege besparingar!
Fakta om reduksjon av forbruksavgifta
Gjeld bedrifter med industriell produksjon (næringskode 5-33)
Forbruksavgifta er 9,16 øre/kWh i perioden januar-mars (2023)
Forbruksavgifta er 15,84 øre/kWh i perioden april-desember (2023)
Redusert sats er 0,546 øre/kWh

Hofseth Biocare - Enkle tiltak sparte bedrifta for tusenvis
Kundehistoriar
Gjennom enøk-kartlegging av anlegget sitt fikk Hofseth Biocare avdekka to ting. Dette sparte bedrifta for kr 270 000.

Pharma Marine - Gratis råd gav over ein million i gevinst
Kundehistoriar
Ein liten sjekk og tre minutt med papirarbeid har gjort at Pharma Marine sparar fleire hundre tusen kroner på straumrekninga kvart år.