Frame 345

Smart straumforbruk
med WattMeter.

Wattn ill smartisanntid 7_5

Bruk mindre,
betal mindre

Bestill WattMeter

Straum har rushtid

Slik fungerer det

Montering av WattMeter (PDF)

    • Angrerett og retur
    • Skulle du angre på eit kjøp, eller ønsker å sende noko i retur finn du all informasjon om dette her.

    • Kvifor må jeg ha eit WattMeter når jeg nyleg fekk ein heilt ny AMS målar?
    • Utrulling av AMS-målarar har gitt dei fleste straumkundane i Norge ein straummålar som registrerar og sender data automatisk. Desse dataene vert sendt til den nasjonale databasen for måleverdiar, Elhub. Men på vegen dit er det først netteigar som tek imot verdiane. Dei kjører ein nattleg validering og estimering av verdiane, og ser det OK ut vil dei bli sendt til Elhub slik at alle straumleverandørar har tilgong til desse det påfølgande døgnet. Vi har derfor tilgong til målerdata med ein forsinkelse på ca. 24 timar fra Elhub, og det er desse vi og alle andre viser i appen.

      Når det gjelder sanntidsdata er det ikkje etablert noko nasjonal database som kan ta imot denne straumen kontinuerlig, og vi har heller ikkje tilgang til slike data direkte frå straummålaren din desverre. Sanntidsdata er også ein datastraum med verdiar kvart 2-10 sek, og dette er store datamengder som gir kostnadar og å lagre. Det som lagres i Elhub er "bare" 24 timeverdiar kvart døgn og er betydelig mindre enn sanntidsdata.

      WattMeteret sender oss denne datastraumen av kontinuerlige verdier direkte til vår skyløsning, slik at vi kan lagre, hente og vise dataene for eit mindre tidsrom tilbake i tid. Det er derfor du må ha eit WattMeter for å sjå sanntidsforbruket ditt.

    • Kvifor ser eg ikkje sanntidsdata i appen?
    • Sanntidsdata viser øvst til venstre på startsida i appen. Sjekkliste dersom data ikkje viser i appen:

      1. Har du åpna HAN-porten hos nettselskapet ditt? Du trenger ikkje alltid ringe i kontortiden for dette, mange nettselskaper tilbyr elektroniske skjema for opning. Sjå meir her: wattn.no/hanport
      2. Har wattmeter stått i minst 10 minutt og over natta? Dette må gjeres slik at nattleg synkronisering mot målarnummeret ditt blir utført.
      3. Lys ved oppkobling: Wattmeteret skal ikkje lyse ved vanleg drift.
        1. Blinkande gult: ladar opp
        2. Blinkande raudt: forsøker å kople på nett
        3. Blinkande blått, kan då ha for lite straum, kople til USB-ladar
        4. Lyser grønt: klarte å kople seg opp på nett
        5. Lys av: er på nett
      4. Har du Telenor dekning der WattMeteret står? Wattmeteret bør ikkje koples opp på innsida av sikringsskapet, men strekkast med ledningen til utsida av skapet slik at metallet i sikringsskapet ikkje skapar dårlig dekning. Den flate kabelen kan ofte strekkast ut av hjørnet på døra eller lignande.
      5. Du må også ha 4G-dekning med Telenor LTE der wattmeteret står, det er ikkje nok med taledekning, det må vere 4G datatrafikk)
        1. Mogleg løysing: Bruk ein vanleg nettverkskabel og flytt Wattmeteret til ein plass med bedre dekning
      6. Gir ikkje straummålaren nok straum til wattmeteret? Dette kan sjå ut til å vere tilfelle hos nokre Kamstrup-målarar.
        1. Mogleg løysing: Kople til ein Micro-usb ladar til Wattmeteret. Om du har dette, anbefalar vi dette uansett.
      7. Om du framleis ikkje har kontakt, kan du prøve å resette Wattmeteret ved å trykke inn den lisje knappen med ein penn i minst 5 sekund til led-lyset på framsida blir grønt.
      8. Dersom det framleis ikkje er ei løysing, kan ein siste utveg vere å prøve å slå av hovedbrytaren, vente nokre minutter og slå den på igjen. Det har vist seg at HAN-porten kommuniserer bedre etter restart av AMS-målaren i enkelte tilfeller.
      9. Siste punkt vil være å sjekke med netteigar at HAN-porten faktisk har blitt opna eller om det kan ha skjedd en misforståelse, eller at det er problem med AMS-målaren.

        Dersom du har prøvd alle desse punkta og framleis ikkje lykkast, ta kontakt med oss, slik at vi kan vurdere om du bør bytte til ein annan type WattMeter.


    • Kan WattMeter brukast med ulike "smarte heimar"?
    • Dessverre fungerer ikkje dette i dag, men vi jobber for å få på plass ei løysing for dette.

    • Kvifor kjem det inn prisar/verdiar i appen, sjøl om WattMeter ikkje er tilkopla?
    • Utan WattMeter er det estimerte prisar og verdiar som ligg i appen.

    • Kor lang tid går det frå eg set på/i eit apparat til eg ser det i appen?
    • Det tar om lag 10-20 sekunder.

    • Kor ofte blir det sendt data med WattMeter?
    • Det vert sendt inn data kvart 10 sekund, heile døgnet.

    • Eg har sanntidsmålar frå ein annan leverandør, kan denne koblast til appen til Wattn?
    • Desverre kan du for augeblikket ikkje nytte andre sanntidsmålarar i vår app.

    • Kva skjer om eg seier opp straumavtala mi?
    • Utan ei straumavtale er det begrensa informasjon vi kan tilby deg i appen dessverre, men WattMeteret er ditt, så det beheld du.

    • Kan WattMeter flyttast fram og tilbake mellom f.eks bustad og hytte?
    • Ja, det kan du.

    • Kvifor må eg betale for WattMeter?
    • WattMeter er ei tilleggsteneste som gir deg sanntidsdata på straumen din. Engangskostnad dekker sjølve WattMeteret og månedskostnader er knytt til å hente, lagre, vise og behandle disse dataene i våre skyløsningar.

      Vi har valgt å bruke 4G då dette gir oss førehandsprogrammerte WattMeter. Oppkobling av wifi har også sine ulemper, da det er potensielt vanskelig å koble dette opp via PC eller app, og det er også slik at de som har mesh-nettverk hjemme kan få problemer da wifi støtter bare 2,4 GHz nettverk og mesh ofte veksler mellom 2,4 og 5 GHz.

      Har du ikkje 4G dekning, kan vi tilby wifi tilkopling, men prisen vil vere den same. Det er kostnadar i skyløsningane våre og behandling av data som utløyser månadskostnaden, ikkje kostnadar knytt til 4G/wifi.

    • Kor lang leveringstid er det på WattMeter?
    • Det tek omtrent 3-7 dagar frå du bestiller til du har det i postkassa di.