Wattn app 2000x700

Teknologi

Wattn App

Smart tekologi og analyse gjer til at du kan få berekna straumkostnadane, straumforbruket og klimaavtrykket ditt. I appen ser du dagens spotpris time for time. Ved å slå på varslingar i appen får du melding om når på dagen straumprisen er lågast.

Wattn app
Spar straum, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over straumforbruket ditt i appen.

Sanntidsdata på straumen
Med WattMeter kan du følgje straumforbruket i sanntid rett frå mobilen. Du ser nøyaktig kor mye straum du brukar akkurat no, og kva den kostar. Sånn oppdagar du unødvendig straumforbruk, og kan raskt ta grep.

Smartare lading i appen
Lad elbilen automatisk når straumprisen er lågast og det er minst belastning på straumnettet. På den måten ladar du alltid på den beste måten for klimaet og for lommeboka.

Effektvarsling
Aktiverer du effektvarsling kan du ta større kontroll over nettleiga di. Nettselskapet bruker månadsmaksen din, eller gjennomsnittet av 3 månadsmaksar, for bestemmer fastbeløpet på nettleiga di. Effektvarslinga kan hjelpe deg til å jamne ut forbruket ditt og dermed unngå unødvendig høg månadsmaks.

Sjå klimaavtrykket ditt
Ved å legge inn data om deg og straumforbruket ditt i appen, kan vi berekne klimaavtrykket ditt på energi. For oss handlar det om å bruke straumen smartare. Smart teknologi gir oss enorme mogelegheiter til å redusere straumforbruket og spare klimaet, og vi hjelp deg å dra nytte av desse mogelegheitane i kvardagen.

Appen lastar du enkelt ned i App Store, eller Google Play.


Bli straumkunde

Få meir ut av appen med WattMeter

Følg straumforbruket i sanntid rett frå mobilen. Du ser nøyaktig kor mykje straum du brukar akkurat no, og kva den kostar.

Gå til WattMeter

Ofte stilte spørsmål om App

    • Fungerar appen med utanlandsk telefon?
    • Ja, bare husk å legge inn landkode med "+" foran.

    • Eg finn ikkje bedriftsavtalen min i appen, kvifor?
    • Du kan foreløpig kun sjå privatavtalane dine i appen. For å sjå informasjon om bedrifta di, kan du logge inn på den nye bedriftsportalen vår. Les meir om bedriftportalen på bedriftssidene våre eller direkte her.

    • Kan eg skjule fotavtrykket frå appen?
    • Det vert jobba med moglegheita for å skjule denne tenesta.

    • Eg har endra straumavtale, når viser dette i appen?
    • Det skal vise innan eit døgn.

    • Kan eg sjå nettleige i appen?
    • Nettleiga vert endra ved årskiftet 21/22, og vi jobbar for å få inn både prisar og varsling i appen.

    • Korleis blir prisen under prognose/straumkostnad rekna ut?
    • Det er spotpris frå NordPool per time inkl. ditt påslag + mva og elsertifikat.

    • Eg har fleire bustadar, kan eg sjå alle straumavtalene i appen?
    • Du vil få opp ein nedtrekksmeny når du loggar inn i appen, her velg du den bustaden du vil sjå informasjon om. Når du har logga inn i appen kan du byte mellom bustadane dine ved å trykke på adressa di oppe til venstre. Det er kun privatavtalane dine som vil vise i appen.

    • Kan fleire logge seg inn i appen samtidig?
    • Ja, fleire kan laste ned og logge seg inn i appen, men det er kun det mobilnummeret som er registrert på straumavtalen som kan brukast til pålogging. Ein eingongskode vert sendt til det registrert mobilnummeret, og varer i inntil 30 dagar. Det vert jobba med å legge til fleire mobilnummer.

    • Kan eg legge til andre i appen?
    • Nei, det kan du dessverre ikkje per no. Dette er noko vi jobbar med for å få på plass.

    • Korleis loggar eg inn i appen?
    • Du loggar enkelt inn i appen med mobilnummeret du har registrert hos oss. Klikk på logg inn og legg inn mobilnummeret ditt. Du vil få tilsendt ei kode på SMS som du nyttar for å logge inn. Du kan vere innlogga i 30 dagar, då blir du automatisk logga ut og må få tilsendt ny kode. Har du ikkje registrert mobilnummeret ditt hos oss, eller har problem med å logge inn, kan du ta kontakt så hjelper vi deg.

    • Kor lastar eg ned appen?
    • Appen vår lastar du enkelt ned frå App Store, eller Google Play. Søk på Wattn så dukker den opp.