
Variabel
Avtalen vert avvikla for alle eksisterande kundar frå 1. januar 2023.
Vi avviklar Variabel frå 1. januar 2023
- Vi tilbyr ikkje lenger avtalen til nye kundar (per 22. juni 2022)
- Alle eksisterande kundar vert flytta til spotprisavtale frå 1. januar 2023
Vi avviklar straumavtalen Variabel
Kraftmarknaden har over lengre tid vore i ubalanse med store svingingar i prisane. Dette har ført til utfordringar med å sette prisen på straumavtalen Variabel privat fram i tid. Slik marknaden har utvikla seg siste året vel vi no å avvikle Variable frå 1. januar 2023 og flyttar kundane over til spotpris, som er den avtaleforma forbrukarmyndigheitene anbefaler.
Spørsmål og svar
Kvifor vel de å avvikle Variabel?
Slik straumprisen har utvikla seg sidan slutten av 2021 med dei store svingingane i spotprisen er det utfordrande å sette rett pris framover i tid for avtalen. Forbrukarmyndigheitene har oppmoda straumselskap om å fjerne denne type avtale og heller tilby kundane spotpris.
Kvifor vert avtalen ikkje avvikla før 1. januar?
Det er for å ivareta kunden sine rettigheiter om minimum 30 dagars varslingsfrist ved avtaleendring.
Må eg behalde avtalen til 1. januar?
Variabel privat har ikkje bindingstid.
Kva avtale kan eg velje i staden?
Om du ikkje ønsker å byte avtale før 1. januar, treng du ikkje gjere noko. Du blir automatisk flytta til straumavtalen Spot Verdi dersom du sjølv ikkje har tatt eit aktivt val.
Får eg straumstøtte når eg har Variabel?
Det kjem an på kva som er gjennomsnittleg spotpris i prisområdet der du har målepunktet til bustaden din. Den straumstøtta som regjeringa har innført tek utgangspunkt i gjennomsnittleg spotpris. Her kan du lese meir om kven som mottek straumstøtte og gjeldande satsar!