

Aktuelt
Straumstøtte for høge straumprisar
Regjeringa legg til rette for at du som privatkunde kan få dekt delar av straumrekninga di. Kompensasjonen vert handtert av nettselskapet ditt, og vert trekt frå på straumrekninga di dersom vi har gjennomfaktureringsavtale med nettselskapet ditt.
Straumstøtte i desember
I desember var gjennomsnittsprisen for NO3 (Midt-Noreg) 181,53 øre/kWh ekskl. mva, det gir ein støttesats på 125,47 øre/kWh inkl. mva.
Snittprisen på faktura viser støttesatsen ferdig utrekna (90 % av kostnadane over 70 øre/kWh ekskl. moms) basert på snittprisen for spot for området der du bur. Din snittpris er ein individuell snittpris og vert rekna ut frå tidspunktet du brukar straum. Dersom du har brukt mest straum i timar der spotprisen er høg vil snittprisen din bli høgre enn om du brukar mest straum i timar der spotprisen er låg.
Gjennomsnittsprisen i NO1 (Oslo), NO2 (Kristiansand) og NO5 (Bergen) på om lag 269 øre/kWh og 98,54 øre/kWh i NO4. Støttesatsane for alle prisområda finn du lenger nede på sida under spørsmålet Kven får støtte i desember?.
Har du hytte eller fritidsbustad får du ikkje kompensasjon for straumforbruket på den adressa. Straumstøtte blir utbetalt uavhengig av kva straumavtale du har.
Her er eit konkret eksempel på utrekning av straumstøtte:
Gjennomsnittleg spotpris i desember i prisområdet NO3 var 181,53 øre/kWh.
Ei hushaldning i dette prisområdet får då tilbakebetalt 90 % av differansen mellom 70 øre og 181,53 øre.
90 % av 181,53 øre/kWh + mva blir 125,47 øre/kWh.
Utrekning for ein bustad som hadde eit forbruk på 2 322 kWh i den aktuelle månaden:
2 322 kWt * 125,47 øre/kWt = ca. 2 913 kr i straumstøtte.
Utbetaling av straumstøtte
Det er nettselskapa som har ansvar for utrekning av straumstøtte. Hos oss får dei aller fleste kundane straum og nettleige på same faktura, det betyr at straumstøtta vert trekt direkte frå på straumrekninga.
Det vil seie at dersom vi har gjennomfaktureringsavtale med nettselskapet ditt så vil straumstøtta vise på straumfakturaen frå oss. Gjeld kundane våre i nettområda til Mørenett, Linja, Sygnir, BKK, Elvia (tidl. Hafslund Nett), Tensio TS, Fagne og Mellom AS (tidl. NEAS Nett AS).
Dersom vi ikkje har gjennomfaktureringsavtale med nettselskapet ditt vil straumstøtta vise/kome på nettleigefaktura frå nettselskapet.
Dette er støtteordninga
Frå 1. september 2022 til og med mars 2023 får privatkundar tilbakebetalt 90 % av kostnadane over 70 øre/kWh ekskl. moms, (87,5 øre/kWh inkl. mva).
Frå 1. april 2023 til og med september 2023 får privatkundar tilbakebetalt 80 % av kostnadane over 70 øre/kWh ekskl. moms, (87,5 øre/kWh inkl. mva).
Frå 1. oktober 2023 til og med desember 2023 får privatkundar tilbakebetalt 90 % av kostnadane over 70 øre/kWh ekskl. moms, (87,5 øre/kWh inkl. mva).
Taket for kompensasjon er 5 000 kWh per månad, og forbruk over dette vert ikkje kompensert.
Meir informasjon
Nede på sida her kan du får svar på det andre lurer på rundt straumstøtte. Ønsker du enda meir informasjon om støtteordninga har NVE samla fleire nyttige spørsmål og svar her.
Lurer du på kva du får i straumstøtte?
Prøv kalkulatoren vår for å estimere straumstøtte.
Regjeringa si kompensasjonsordning
Dersom gjennomsnittleg spotpris for ein månad blir over 70 øre/kWh ekskl. mva. vil straumstøtta dekkje 80-90 % av kostnaden over 70 øre/kWh ekskl. mva. (87,5 øre/kWh inkl. mva) avhengig av årstid
Gjeld privatkundar (hushaldningsmålepunkt, ikkje hytte/fritidsbustad)
Tak på 5000 kWh per månad
Ordninga gjeld frå desember 2021, til og med desember 2023
Kompensasjonen blir rekna ut av nettselskapet ditt
Støtta gjeld berre straum, ikkje nettleige
Ofte stilte spørsmål om straumstøtteordninga
Korleis vert straumstøtta rekna ut?
Her er eit konkret eksempel på utrekning av straumstøtte:
Gjennomsnittleg spotpris i desember i prisområdet NO3 var 181,53 øre/kWh.
Ei hushaldning i dette prisområdet får då tilbakebetalt 90 % av differansen mellom 70 øre og 181,53 øre.
90 % av 181,53 øre/kWh + mva blir 125,47 øre/kWh.
Utrekning for ein bustad som hadde eit forbruk på 2 322 kWh i den aktuelle månaden:
2 322 kWt * 125,47 øre/kWt = ca. 2 913 kr i straumstøtte.Kven får støtte i desember?
I desember var gjennomsnittsprisen for NO1 (Oslo), NO2 (Kristiansand) og NO5 (Bergen) på om lag 269 øre/kWh.
Gjennomsnittsprisen i NO3 og NO4 var 181,53 og 98,54 øre/kWh.
Føresetnaden for å få straumstøtte er at eigedomen er definert som bustad i eigedomsinformasjonen til Statens Kartverk.Prisområde Gjennomsnittspris Støttesats NO1 Aust 268,68 øre/kWh 223,51 øre/kWh NO2 Sør 268,67 øre/kWh 223,51 øre/kWh NO5 Vest 269,52 øre/kWh 224,46 øre/kWh NO3 Midt 181,53 øre/kWh 125,47 øre/kWh NO4 Nord m/mva 98,54 øre/kWh 32,11 øre/kWh NO4 Nord u/mva 98,54 øre/kWh 25,68 øre/kWh Kva om spotprisen er veldig høg nokre timar, og over gjerne over fleire dagar?
Det er den gjennomsnittlege prisen i prisområdet der du har bustaden din som vert brukt til å berekne straumstøtte. At prisen er høg i ei kortare periode har begrensa betydning for rekninga, og støtta blir derfor berekna ut frå gjennomsnittleg månadspris i området.
Kvifor har eg ein høgre snittpris per kWh på rekninga mi enn det det som er snittprisen for området der eg bur?
Spotprisen varierer frå time til time. Din snittpris vil verte rekna ut frå tidspunktet du brukar straum. Dersom du har brukt mest straum i timar der spotprisen er høg vil snittprisen din bli høgre enn om du brukar mest straum i timar der spotprisen er låg. Gjennomsnittsprisen som blir brukt ved utrekning av straumstøtte er snittprisen i prisområdet utan hensyn til forbruk.
Kva straumavtale må eg ha for å få straumstøtte?
Er snittprisen over 70 øre/kWh ekskl. mva. i prisområdet der du bur får straumstøtte uansett om du har fastprisavtale, spotavtale eller standard variabel avtale. Men du må vere merksam på at ved utrekning av straumstøtta vert det ikkje tatt hensyn til kva type straumavtale du har.
Må eg betale moms (meirverdiavgift/mva) på støttebeløpet?
Du betalar ikkje avgifter på straumstøtta du får utbetalt. Det står imidlertid i straumstøttelova at det skal takast hensyn til mva når ein reknar ut støttebeløpet. Dette er løyst ved å legge til 25 % på støttesatsane for dei områda der kundane ikkje har fritak for mva på straumen. På den måten tek straumstøtta hensyn til om du betalar mva på straumen eller ikkje.
Innbyggarar i Nordland og Troms og Finnmark har mva-fritak på straum. I prisområda som dekkjer desse fylka vert det ikke lagt til 25 % på støttesatsane.Kva om eg brukar meir enn 5 000 kWh ein månad, kva skjer med forbruket over 5 000?
Du må betale for all straum du brukar i høve den straumavtalen du har inngått. Du får imidlertid støtte for forbruk opp til 5 000 kWh per månad. Forbruk over 5 000 kWh per månad vert det ikkje kompensert for.
Kvar finn eg beløpet for straumstøtte?
Straumstøtten ser du på side 2 på fakturaen.
- Får du straum og nettleige på same faktura, finn du straumstøtta på fakturaen frå straumleverandøren.
- Får du ikkje straum og nettleige på same faktura, finn du straumstøtta på faktura frå nettselskapet ditt.
Eg har sagt opp straumavtalen min og får ikkje straumstøtte
Har du nyleg skifta straumleverandør, vil straumstøtta kome på faktura frå nettselskapet ditt, eller frå den nye straumleverandøren din.
Kvifor har ikkje eg fått straumstøtte på fakturaen min?
Det er nettselskapet ditt som har ansvaret for å betale ut straumstøtta til deg. Tilbyr ikkje nettselskapet der du bur gjennomfakturering*, vil du få eigen faktura for nettleige direkte frå nettselskapet, og straumstøtte blir trekt frå på denne.
Vi som straumleverandør legg til nettleiga på fakturaen, slik at du får straum, nettleige og straumstøtte på same faktura.
*gjennomfakturering betyr at nettselskapet sender faktura for nettleige til straumleverandøren.
Straumstøtte i desember
I desember var gjennomsnittsprisen for NO1, NO2 og NO5 på ca. 269 øre/kWh.
Gjennomsnittsprisen i NO3 og NO4 var hhv. 181,53 og 98,54 øre/kWh.
Straumstøtte i november
I november var gjennomsnittsprisen for NO1, NO2 og NO5 på om lag 112 øre/kWh.
Støttesatsar i novemberStraumstøtte i oktober
I oktober var gjennomsnittsprisen for NO1, NO2 og NO5 på om lag 132 øre/kWh.
Støttesatsar i oktoberStraumstøtte i september
I september var gjennomsnittsprisen for NO1, NO2 og NO5 på om lag 359 øre/kWh. I NO3 var gjennomsnittsprisen på om lag 75 øre/kWh.
Støttesatsar i septemberStrømstøtte desember
I desember var gjennomsnittsprisen for NO1, NO2 og NO5 på ca. 269 øre/kWh.
I desember var også gjennomsnittsprisen i NO3 (Trondheim) og NO4 (Tromsø) høyere enn terskelverdien, så husholdningskundene i disse prisområdene får utbetalt strømstøtte. Gjennomsnittsprisen i NO3 og NO4 var hhv. 181,53 og 98,54 øre/kWh.