Stikkut banner web

Aktuelt

Stikk UT! Festival

Den 1.-11.september vert det arrangert Stikk UT! Festival i heile Møre og Romsdal, der målet er å vere meir ute på tur saman.

Kvar dag kan ein vinne fine premiar som blir trukket ut blant registrerte turar, blant dei som vervar nye Stikk UT! deltakarar og blant dei mest aktive bedriftene. Som stolt samarbeidspartnar til Stikk UT! arrangerer vi fellesturar saman med friluftsrådet. Med fokus på turglede og samhald byr vi på enkel servering og kjekke konkurransar.

Mandag 5.september, kl.11.00 - 13.00
Vi inviterer til lunsjtur rundt Lillevatnet i Ålesund saman med friluftsrådet og SBM.

Onsdag 7.september, kl.16.00 - 18.00
Vi inviterer til tur saman med friluftsrådet og Hareid Kommune til Gamleåsen i Hareid.

Fokus - saman på tur
​​​​​​​Denne veka oppfordrar vi alle til å ta ein tur eller to til eit eller fleire av dei 500 turmåla i årets sesong - og ta gjerne med deg nokon på tur. Mykje regn har for mange lagt ein dempar på utendørsaktivteten denne sommaren, men likevel har 38 000 mennesker registrert nesten 700 000 turar så langt i sesongen. På landsbasis er Møre og Romsdal suverent øverst når det gjeld turregistrering . Dette takka vere Stikk UT!