

Sponsor
Vi skal vere med å løfte fram kreative og talentfulle sjeler rundt oss for å skape engasjement og levande lokalmiljø. Vi skal vere ein viktig støttespelar for å få realisert små og store draumar.
Desse sponsorprogramma kjem i 2022
Spire
Spire blir hovudsponsorprogrammet vårt. Vi ønsker å gi spire til lokal aktivitet og arrangement i våre lokalområder Ålesund, Sunnmøre, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Dråpe
Gjennom Dråpe skal vi gi små sponsordrypp gjennom året. Kvart kvartal delar vi ut ein pott til lag og foreiningar fordelt på våre lokalområder Ålesund, Sunnmøre, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dråpe skal gi støtte til innkjøp og prosjekt.
Krafttaket
Fokus på miljø og berekraft er ein berebjelke i Wattn. Gjennom Krafttaket ønsker vi å engasjere frivillige lag og organisasjonar lokalt og nasjonalt til å gjere ei god gjerning mot å få sponsorstøtte. Størrelsen på støtta kjem an på kor stort engasjement kvart enkelt klarar å skape, og her er det publikum som stemmer fram resultatet.
Oppstart 2022
Spire, dråpe og krafttaket er alle planlagt til å starte opp første halvdel av 2022. Meir informasjon og søknadsfrister kjem. Vi gler oss!