Sparetips 1920x680

Nyhende

Sparetips

Her er nokre små og store, men smarte grep til korleis du kan spare på straumen! Trikset er å vite kvar det er lurt å spare.

Det store straumsluket
Ein av dei viktigaste, og kanskje mest undervurderte måtane ein kan spare straum på, er og ein av dei enklaste - senk innetemperaturen med 1 grad. For kvar grad du senkar temperaturen inne, kan du spare om lag 5 % av kostnadane til oppvarming. Tenk på dei romma du oppheld deg i - Kanskje du ikkje treng å ha varme på soveromma, men heller opne dørene for å sleppe inn varmen nokre timar før du legg deg?

Ta ein kjapp dusj
Etter oppvarming av heimen, går størstedelen av straumforbruket til oppvarming av varmt vatn. Det er ein god idé å droppe badekaret og heller ta ein kortare dusj i litt kaldare vatn. Ein skikkelig oppfriskar som reduserer straumforbruket. Det er også viktig å passe på at ein skrur kranen heilt igjen etter bruk - ein dryppande kran dryppe so mykje som 1 liter i timen!

Kle på deg litt ekstra
Kle heller på deg enn av deg! La bestemor sin heimestrikka gensar kome til sin rett. Ta heller på deg eit ekstra lag med kle framfor å skru opp varmen.

Lat att gardinene
Trekk godt for gardinene i alle rom om natta eller når du skal reise vekk - dette reduserar varmetap.

Vask og tørk kleda meir lønsamt
Reduser bruken av tørketrommel, og tørk so mykje du kan på stativ eller snor. Fyll også opp både vaskemaskin og oppvaskmaskin heilt før du set på - maskina bruker like mykje straum om den er full eller halvfull. I tillegg kan du redusere straumforbruket ved å vaske mykje av klesvasken på 30 grader. Vask derfor på lavare temperaturar når du kan!

Slå av det som ikkje er i bruk
Slå helt av elektriske gjenstander når dei ikkje er i bruk. I staden for å la TV-en stå i standby, så skru den heilt av. I tillegg er det lurt å trekke ut stikkontakten på elektriske apparat når dei ikkje er i bruk.

Kjøl av maten
Kjøl ned maten før du set den inn i kjøleskapet, og avkjøl mat som er varm før du legg den i frysaren. På denne måten treng ikkje kjøleskapet og frysaren å bruke unødvendig mykje energi på å senke temperaturen grunna varm mat.

Bruk sparepærer
Invester i sparepærer framfor vanlege lyspærer, spesielt for utandørs bruk og i kalde rom. Vanlege lyspærer omdannar berre om lag 5 % av energien til lys, mens resten blir til varme. I ei sparepære blir 80 % av energien brukt til lys, og dei varer mykje lengre enn vanlege lyspærer.

Reguler panelovnane meir effektivt
Vurder å investere i moderne, straumsparande panelovnar som har timer og kan variere mellom natt- og dagtemperatur automatisk. Om du ikkje har anledning til å kjøpe heilt nye panelovnar, kan du alternativt kjøpe billegare timere som kan nyttast til panelovnane du allereie har heime. Desse set du enkelt og greit inn i stikkontakta di, og stiller inn sjølv.

Kilde: Grønn hverdag, Enova.no, Norsk Teknologi