×

Viktig! Vi får mange spørsmål om regjeringa si kompensasjonsordning. Dersom du har spørsmål knytt mot dette, kan du sjå om du finn svar på NVE sine sider her.

Electricity energy high voltage 7000

Nyhende

17. desember, 2021

Ny nettleigemodell

Den nye nettleigeordninga for kundar med årsforbruk under 100.000 kWh trer i kraft i løpet av 2022.

Ordninga var planlagt frå 01.01,.22, men Stortinget har beslutta at ordninga ikkje må innførast ved nyttår men i løpet av året.

Den nye nettleigemodellen legg til rette for betre utnytting av straumnettet, ei meir rettferdig fordeling av nettkostnadane mellom kundane. Med nye effektbaserte tariffar, skal smart straumforbruk blir premiert med lågare nettleige. Ordninga gjeld for alle privatkundar, fritidsbustadar og næringskundar med forbruk under 100.000 kWh i årsforbruk.

Den nye nettleigeordninga gir deg større mulighet til å påvirke kva du betalar. Kort forklart er det effekttoppen din ein månad som legg føringa for nettleiga di den neste månaden. Målet med den nye tariffen er å få jamna ut forbruket til folk flest. På den måten kan vi utnytte og bruke det eksisterande straumnettet meir effektivt for igjen å skåne naturen for meir utbygging. Brukar du straumen smart og jamnar ut forbruket ditt, kan du spare pengar når den nye nettleige-tariffen trer i kraft.

Mange av nettselskapa har valt den same modellen for handheving av den nye ordninga, men det er no opp til nettselskapa om dei ønsker å tiltre ordninga frå nyttår eller i løpet av året.

Vi har laga ei oversikt over dei nettselskapa vi har gjennomfaktureringsavtale med, slik at du kan gå direkte til nettsida deira for å finne informasjon. Har du eit anna nettselskap enn dei som er lista opp, kan du gå direkte til nettsida deira.