Frame 345

Nyhende

Ny eFaktura-løysing

Frå 1. desember 2021 vart ny eFaktura-løysing innført i heile landet. Du må snarast gå inn å akseptere "Ja takk til alle" for å motta eFaktura i dine betalingsflater framover.

Den nye løysinga gjer det enklare for deg å motta eFaktura. Når du gir ein generell aksept for eFaktura i nettbanken din, eller i betalingsappen din vil du automatisk motta eFaktura frå alle som tilbyr dette. Løysinga vel automatisk juridisk eigar som mottakar av alle eFaktura.

Tenesta vert omtalt litt forskjellig i dei ulike nettbankane/betalingsappane. Eksempel på dette er "Alltid eFaktura", "eFaktura frå alle" eller "Ja takk til alle".

Den nye ordninga vart innført 1. desember 2021, men eFaktura-avtalar med bestemte utstedarar har fungert fram til no, sjølv om ein ikkje har akseptert den nye "Ja takk til alle". Frå og med 15.mai vil dette opphøyre. Dersom du ikkje allereie har gitt denne generelle aksepten på eFaktura må du gjere dette snarast for å motta eFaktura i dine betalingsflater framover.

Dersom du ikkje mottek varsel på eFaktura-løysinga di, kan du undersøke dette i nettbanken din, eller der du betalar rekningane dine. Her kan du nemlig legge inn ønska varslingsmåte. Standard varsling er e-postvarsel frå efaktura.no til valgt epostadresse.

Dette er ikkje ei ordning som er knytt direkte til oss som straumselskap, men gjeld eFaktura generelt.

Les meir om den nye eFaktura-løysinga