Nm skiskyting 2000x700

Nyhende

På lag med NM i Skiskyting

Den 24. – 27.mars går NM i skiskyting av stabelen i Vik i Sogn – og vi er med å heiar dei fram. NM måtte dessverre utsette arrangementet sitt i 2020 og når dei i år er klar på ny er det stas å vere med på sponsorlaget.

Skiskytterlandslaget henta heim imponerande 14 OL-medaljar frå Beijing og til NM kan vi sjå igjen nokre av heltane våre. OL-dronninga Marte Olsbu Røiseland, Tiril Eckhoff, Tarjei Bø og Vetle Sjåstad Christiansen er noko av dei som kjem til Vik i Sogn denne helga.

Følg med på NRK

Nrk er tilstades når startskuddet går, og du kan følgje med. Sprint fredag, Fellesstart laurdag og Stafett søndag. I tillegg til NM i Skiskyting vert det også arrangert NM i hundkøyring. Ikkje gå glipp av tre fantastiske dagar fullspekka med ulike konkurransar og folkeliv i skianlegget på Kålsete.

Vi applauderer dugnadsånda i Vik i Sogn, og ønsker alle utøvarar, tilskodarar, frivillige og ikkje minst arrangør Vik IL masse lykke til!

Positivt lada. Alltid.