Elbillading 2 1280x800

Straum

Med smart lading ladar du alltid når straumprisen er lågast

Øyvind brukar elbilen sin dagleg, og det vert fort nokre kilometer når han skal køyre til jobb, på helgeturar eller lengre jobbreiser. Det same gjer kona hans, som køyrer fram og tilbake frå Oslo kvar dag.

Med to elbilar på tunet, innrømmer han at lading utvilsomt er ein av dei største syndarane i heimen når det kjem til straumforbruk. Smartlading ladar elbilen automatisk når straumprisen er lågast. Ved å lade på dei billigaste timane sparte familien over 280 kr i mai, samanlikna med lading på dei dyraste timane. Med andre ord ganske store summar i løpet av ein periode. Ettersom han bur i eit område av landet der straumprisane har vore sopass høge, har han også motteke straumstøtte frå staten. Dette gjer at du faktisk enkelte dagar kan få betalt for å lade.

Vi møter Øyvind heime i Lommedalen der han har montert sin heimeladar frå DEFA i garasjen, for å høyre om han meiner det faktisk er forskjell på å lade elbil vanlig, og smartlade elbil.

– Det er ingen tvil i at det er stor forskjell. Eg er kanskje litt over snittet interessert i teknologi, men smartlading er superenkelt og effektivt for alle. Du treng eigentleg ikkje å følgje med eingong, for ladinga skjer heilt automagisk, men det er endå meir å spare om ein kan planlegge litt i tillegg.

Den siste tida har vi sett ekstreme svingningar i straumprisane, spesielt i helgane. Dette har dei utnytta smart.

- Vi har lada begge bilane våre til 100 % når prisen har vore aller lågast, og med det har vi spart over 100 kr på ei enkelt lading, sjølv etter straumstøtta frå staten.

Så enkelt kjem du i gang
1. Koble ladekabelen til bilen din, som normalt
2. Gå inn i Wattn sin app, og finn "tenester" i menyen
3. Klikk på "smart elbillading" og legg til biltypen din
4. Sett opp tidspunktet du ønsker at bilen skal vere fullada og klar
5. Du kan lene deg tilbake og vere sikker på at bilen ladar på dei billigaste timane i døgnet

Smartlading fungerer uansett kva elbilladar du har, men også om du ikkje har heimeladar. Ladar du med ein heimeladar, ladar du vel og merke mykje raskare og sikrare enn ved bruk av stikkontakt. Du utnyttar også potensialet med å lade billegast, dersom prisen kun er låg få timar av døgnet. Familien i Lommedalen har spotprisavtale, som gir best effekt av smartlading. Her betalar du timepris for straumen, og sidan prisen endrar seg til dels mykje kvar time, er det mykje å spare på å bruke straumen smart. Berre i mai har forskjellen mellom høg og låg timepris vore over 1,50 kr enkelte dagar.

Kona til Øyvind er ikkje like teknisk interessert som mannen sin, men ho syns også at smartlading er skikkelig smart, og i tillegg enkelt å handtere.

– Eg har litt rekkeviddeangst, så for meg er det viktigaste at eg har ein opplada bil når eg treng det, og at eg kan bruke tida og energien min på andre ting. Det er enkelt å sette dette opp i appen, og når vi i tillegg kan spare både tid, pengar og miljøet, ja då er det berre heilt genialt.

Smartlading har redusert straumkostnadane til familien betrakteleg.
Familien køyrer sopass mykje, at det er viktig å ha kontroll på utgiftene. I tillegg til dagleg pendling til og frå jobb, vert det også ein del turar i andre ærend. Differansen i straumprisane har så lang ti år variert med fleire kroner i løpet av eit døgn, enkelte dagar, og då kan det gje stor økonomisk gevinst å følgje med. Prisane aukar gjerne når straumforbruket er høgt i løpet av eit døgn, men med smartlading slepp ein tenke på dette.

- Vi koblar til ladaren når vi parkerer bilen, så gjer smartlading resten av jobben. Eg kan følgje med i appen, og sjå både batteristatus og planlagt lading der. I appen har eg også full kontroll på det totale straumforbruket mitt og kostnadane, og kan følgje med på spotprisen time for time.

Kompensasjonsordninga som regjeringa la fram i vinter, legg til rette for at privatkundar kan få dekka 80 % av kostnadane over 70 øre/kWh ekskl. mva. I områder der spotprisen i snitt er over dette, slik det har vore for Øyvind og familien, kan du ha rett på straumstøtte. Ved å ha eit smart straumforbruk, følgje med på prisane og lade smart, kan du rett og slett spare mykje.

- Nokre gonger når prisen er svært lav, kan ein faktisk få betalt i stadenfor å måtte betale, ved å lade til rett tidspunkt.

Under kan du sjå nokre eksempel på utrekning med prisar frå mai 2022, og kva du kan spare ved å nytte tenesta smart lading.

Smartlading ved lading på dei 2 billigaste timane dagleg:

Lading ved dei høgaste prisane pr døgn:

Total besparing ved å lade på dei billegaste timane i forhold til dei dyraste timane i døgnet:


Her ser vi at ved å lade elbilen med smartlading på dei billegaste timane, har ein spart heile 281 kr på lading i mai.

Det er ikkje berre straumprisane i Sør-Norge som har vore høge og uforutsigbare den siste tida. Prisane på bensin og diesel har auka voldsomt, og her er det også store daglege variasjonar. For å fylle opp tanken på dei mest gunstigaste tidene av døgnet, må ein følgje ekstra godt med sjølve. Ein ekstra bonus med å køyre elbil og ha smartlading i dag, er at ein slepp å forholde seg til dette. I tillegg har det ein stor miljøgevinst.

- Smart lading er bra for økonomien min, men også for miljøet. Eg oppfordrar derfor alle med elbil til å følge med, og lade smart.

Som straumkunde med oss i Wattn har du tilgang til tenesta smartlading. Her kan du enkelt bestille den straumavtalen som passar best til deg.


Zaptec Go

Les meir og bestill

DEFA eRange IQ

Les meir og bestill

Ofte stilte spørsmål om smart lading

    • Kor lang tid tar det før Smart lading er aktivert?
    • Det tek om lag eit døgn.

    • Ulike feilmeldingar ved Smart lading
    • Ladar må pluggast inn: Ladaren må settast i, eller har ikkje straum. Har du smart ladar frå før, kan bilen tolke det som om ladaren ikkje er i.

      Bilen treng ikkje lading:
      Då er batteriet mest sannsynleg tilnærma fullt.

      Bilen sin lokasjon er ikkje tilgjengeleg:
      Bilen sin GPS-posisjon må bli gjort tilgjengeleg anten i appen eller bilen. Dersom du svarte "nei" på å dele posisjonen din då du registrerte deg, må du berre endre dette.

      Bilen er lada nok:
      Smart lading startar ikkje dersom batteriet er tilnærma full-lada.

      Usikker batterikapasitet:
      Får ikkje ladestatus tilbake frå bilen.

      Vil ikkje nå 100 % om lading vert flytta smart:
      Då ladar bilen no. Dette kan skje fordi det ikkje er tilstrekkeleg med billege timar for lading, eller at billegast time er akkurat no.

      Fleire brukarar har logga inn med bilen:
      Om fleire er pålogget appen med same brukarnamn/passord til bilen kan dette oppstå. Det skal normalt fungere, men ein kan oppleve synkroniseringsproblem når ein koplar seg på og ein koplar seg av Smart lading.

      Bilen er ikkje kapabel for Smart lading:
      Vi får ikkje tak i alle data som trengs for Smart lading. Normalt er det snakk om batteristatus og resterande ladetid. Kan skyldast at bilen ikkje oppfattar at ladaren er plugga i.

      Straumprisar ikkje tilgjengeleg:
      Det kan dreie seg om at ein ikkje finn prisane eller GPS-posisjonen, eller at det ikkje vert registrert kva prisområde bilen er i.

    • Må eg ha internett i garasja for å bruke Smart lading?
    • Nei, Smart lading kommuniserer direkte med bilen uavhengig av kor denne oppheld seg. Men hugs å aktivere lokasjon av bilen slik at Smart lading klarer å ta høgde for kva prisområde ladinga finn stad.

    • Kva bilmerke støttar Smart lading i dag?
      • Audi
      • BMW
      • Cupra
      • Ford
      • Jaguar
      • Mini
      • Porsche
      • Renault
      • Seat
      • Skoda
      • Tesla
      • Volkswagen
      • Volvo