×

Viktig! Vi får mange spørsmål om regjeringa si kompensasjonsordning. Dersom du har spørsmål knytt mot dette, kan du sjå om du finn svar på NVE sine sider her.

Vinter kompensasjonsordning

Nyhende

Kompensasjonsordning for høge straumprisar

Regjeringa har kome med ei kompensasjonsordning til dei som er hardast råka av dei unormalt høge straumprisane vi har sett siste tida. Dette vert rekna ut og ordna av nettselskapa, og du treng ikkje gjere noko.

Ordninga betyr at du får tilbakebetalt 50 % av kostnaden i periodane straumprisen har vore over 70 øre/kWh eks. mva. Ordninga gjeld for private husholdningar, ikkje fritidsbustader eller næringskundar.

I Norge har vi fem ulike prisområder for straum. Tilbakebetalinga vil avhenge av den gjennomsnittelege månadlege straumprisen i det prisområdet du tilhøyrer. Taket for kompensasjon er 5 000 kWt per månad. Kompensasjonen vert rekna ut av nettselskapet ditt, og kjem som fråtrekk på straumrekninga di for desember, som blir fakturert i januar, og vil vare til og med mars 2022.

NVE har samla all relevant informasjon, eksempel, spørsmål og svar på sine heimeside som absolutt er verdt å ta ein kikk på.

Les meir på NVE