×

Viktig! Vi får mange spørsmål om regjeringa si kompensasjonsordning. Dersom du har spørsmål knytt mot dette, kan du sjå om du finn svar på NVE sine sider her.

Straumlinjer

Straum

Forskjellen på straum -og nettselskap

Kva er eigentleg forskjellen på eit straumselskap og eit nettselskap? Veldig kort fortalt har nettselskapa monopol og kan derfor ikkje bytast vekk. Straumselskapa sel straumavtaler og kan ikkje justere nettleiga.

Nettselskapa fraktar straumen gjennom straumlinjer frå der straumen vert laga og fram til huset ditt. Dei bygger og vedlikeheld linjer og overvakar nettet døgnet rundt, heile året for å passe på at alle har straum. Vert det straumbrot er det nettselskapet som rykker ut for å fikse problemet. Nettselskapa har monopol på kvar sine geografiske områder. Og sidan dei har monopol, kan du ikkje byte nettselskap.

Straumselskapa kjøper straum frå straumbørsen Nord Pool, og sel denne vidare til deg. Straumselskapa tilbyr ulike straumavtaler tilpassa deg og forbruket ditt. Hos dei aller fleste straumselskapa er dei vanlegaste avtalane det vi kallar spot-, fast- og variabel straumavtale.

Nettleiga er prisen du betaler for å få frakta straumen fram til huset ditt. Ein del av nettleiga er fast, medan den andre delen er avhengig av kor mykje straum du brukar. Nettleiga skal gje nettselskapet inntekt nok til å dekke transport av straum, gitt effektivt drift, utnytting og utvikling av nettet.

Området vårt lokalt har ein utfordrande geografi kombinert med få innbyggarar og derfor har vi ei høg nettleige samanlikna med byområder. Om nettleiga skal vere lik for heile landet, er eit politisk spørsmål.