×

Viktig! Vi får mange spørsmål om regjeringa si kompensasjonsordning. Dersom du har spørsmål knytt mot dette, kan du sjå om du finn svar på NVE sine sider her.

Jungel

Straum

Forskjellen på straumavtaler

Spot, fast, flytande, kampanje…? Det er lov å rive seg litt i håret og kjenne på at straumverden kan vere som ein jungel av uforståelege ord, uttrykk og avtaler. Her vil vi enkelt prøve å forklare forskjellane på dei ulike straumavtalane.

Spotpris gir deg moglegheita til å følge straumprisen time for time. Vi som straumselskap kjøper straumen vår frå kraftbørsen Nord Pool. Med spotpris betalar du det same som vi gjer for straumen, pluss eit påslag som inkluderar lovpålagt elsertifikat. Ein spotprisavtale kan samanliknast med ei berg og dalbane - du er med ned når prisen er låg om sommaren, og med opp igjen når prisen er høgare på vinteren. Påslaget er det som ofte skil straumleverandørane frå kvarandre. Spot er den mest kjøpte, og oftast anbefalte avtala i straumverda då den viser seg å vere billegast over tid.

Fastpris er begrepet vi brukar når du kan binde straumprisen for ein avtalt periode. Det kan vere lønsamt dersom straumprisane blir høge om vinteren. Sei at du fastsett prisen din på 35 øre/kWh, så går prisen opp på vinteren til 60 øre/kwh, då betalar du framleis 35 øre/kwh fordi prisen er fast. Det same gjeld då også sjølvsagt om prisen går ned på sommaren. Så du får ein meir forutsigbar straumfaktura. Dersom du har eit jamt straumforbruk, vil faktura kunne vere tilnærma lik gjennom året. Dog må ein vere obs på at dersom straumforbruket aukar, som det ofte gjer på vinteren, når ein har på meir lys og varme i hus, vil fakturaen kunne bli høgare. Ikkje på grunn av straumprisen, men på grunn av forbruket. Det kan vere greit å merke seg at dersom du ønsker å endre avtala i den avtalte perioden kan det medføre brotgebyr.

Variabel
er ein avtale der prisen vert sett av oss basert på prisutviklinga i marknaden. Det er ein fastsett pris for ein periode, utan påslag. Perioden kan vere alt frå to veker til fleire månadar. På denne avtala får du uansett prisendringsvarsel 14 dagar før endringa trer i kraft. Prisvarsling skjer direkte til deg på e-post, SMS eller brev. I tillegg oppdaterer vi alltid gjeldande pris på nettside, Mi side og i kundeappen vår. Med 14 dagar endringstid kan du vurdere om du ønskjer å følgje den nye prisen, eller om du ønskjer å endre straumavtale. Dette er tradisjonelt sett den vanlegaste avtala, men krever at du følgjer litt meir med i prisendringar enn for avtalar som Fast eller Spot.

Kampanjeavtale
r er eit samlegrep vi kan bruke for dei avtalene som har ein gitt pris og/eller vilkår i ein gitt periode. Fleire av desse avtalene kan vere kjempegode, men altfor ofte er dei kjempegode av ein grunn. Det er derfor viktig at du les alt med lita skrift, sjekkar bindingstid, kor lenge du er lova den aktuelle prisen og vilkåra. I tillegg bør du avklare kva avtale du blir sett over på når kampanjen er over. Sjekk også alltid om det er tilleggs-tenester lagt til som ikkje er relevant for deg

Dersom du fortsatt skulle vere i tvil, spør oss!