
Berekraftsbibliotek
Rapportar, sertifiseringar og retningslinjer i vårt arbeid.
Vesentlegheitsanalyse
Kva våre interessentar tenker og forventar av Wattn no og i framtida er viktig for oss. God dialog med interessentane gir oss verdifull informasjon og legg eit godt grunnlag for gode avgjersle.
Som ein del av innsikts -og analysearbeidet for vår berekraftsstrategi gjennomførte vi våren 2021 ei vesentlegheitsanalyse. I analysen avdekka vi kva berekraftstema som er viktig for interessentane våre, og som samtidig er viktig for vår evne til langsiktig verdiskaping. Vi har definert våre viktigaste interessentar til å vere følgjande:Ei oversikt over Wattn sine interessentar I tillegg til årleg løpande interessentdialog vil vi kvart tredje år gjennomføre ei strukturert vesentlegheitsanalyse som ein del av vår strategisyklus.
I gjennomføringa av analysen blei det utarbeidd ei spørjeundersøking der ulike tema innan miljø, sosiale forhold og verksemdstyring (ESG) skulle rangerast som viktig, viktigare og viktigast. Kartlegginga blei gjennomført som digitale intervju og spørjeundersøkingar. Vi meiner vi fekk eit godt datagrunnlag med innsikt frå 4036 personar i tillegg til den løpande interessentdialogen.
Basert på ei samla vurdering og kategorisering er følgjande tema definert som dei mest vesentlege for berekraftsarbeidet i Wattn.Ei oversikt over kva som er viktigast for våre interessentar og kva som er viktigast for oss FN sine berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheiter og stoppe klimaendringane innan 2030. Vårt arbeid med innsikt og analyse la naturlegnok grunnlaget for å sjå på kven av desse måla vårt bidrag kan ha størst effekt på. Vi har valt å ha ekstra fokus på tre av måla:
Nr. 7 - Rein energi til alleNr. 12 - Ansvarleg forbruk og produksjon
Nr. 13 - Stoppe klimaendringane
Etiske retningslinjer
Lojalitet
Medarbeidarar i Wattn AS skal ivareta selskapet sine interesser og bidra til at mål og strategiar vert realisert. Medarbeidarar i Wattn AS skal ta gode etiske val og med det sørge for å bygge eit godt omdømme for selskapet. Medarbeidarar i Wattn AS skal nytte sin kompetanse til å sikre gode prosessar før vedtak vert fatta. Men når vedtaket er fatta, då vert det forventa at ein følgjer det lojalt opp.
Vi oppmodar alle som jobbar i Wattn AS til å være opne om etiske utfordringar og til å støtte medarbeidarar som seier i frå om etiske problemstillingar.
Arbeidsmiljø
Medarbeidarar i Wattn AS skal vise respekt og omtanke for andre og arbeide aktivt for eit godt arbeidsmiljø prega av likeverd og mangfald. Medarbeidarar i Wattn AS skal utføre sine arbeidsoppgåver slik at dei ikkje set eige eller andre sine liv og helse i fare.
Leiarar i Wattn AS har eit særskilt ansvar for å være eit godt forbilde når det gjeld å ivareta reglar for god etisk framferd, og sjå til at andre er kjent med og følgjer reglane.
Økonomisk ansvar og interessekonfliktar
I Wattn AS skal vi alltid opptre på ein måte som gjer at integriteten og truverdet vårt ikkje skal kunne trekkast i tvil. Medarbeidarar i Wattn AS skal ikkje bruke stillinga si til personleg vinning. Medarbeidarar skal ikkje tilby eller ta imot godtgjersle, tenester, provisjonar eller andre fordelar som kan bidra til uheldige bindingar i eit forretningsmessig forhold.
Medarbeidarar som er part i ei sak, eller er i nær familie eller har nært vennskap med ein som er part, skal ikkje påverke eller avgjere ei sak med økonomiske konsekvensar i Wattn AS. Er du i tvil, ta kontakt med din næraste leiar.
Wattn AS har nulltoleranse når det gjelder korrupsjon.
Gåver og sosiale arrangement
Medarbeidarar skal ikkje tilby eller ta imot gåver eller delta på arrangement som er eigna til å påverke objektiviteten og uavhengigheita til våre forretningspartnarar.
Medarbeidaren skal alltid avklare med sin næraste leiar om ein skal delta på arrangement hos sine forretningspartnarar. Reiser og overnatting skal normalt dekkast av Wattn AS.
Wattn AS sine arrangement, der vi inviterer kundar, leverandørar og offentlege tenestepersonar, skal være innanfor rammene av Wattn AS sitt etiske regelverk.
Annan verksemd
Medarbeidarar skal ikkje ha anna arbeid eller drive privat næringsverksemd som er av eit slikt omfang at det kan gå utover arbeidet i Wattn AS.
Styreverv, der ein ikkje representerer Wattn AS, skal alltid godkjennast av AD. Dette gjeld normalt ikkje frivillige organisasjonar.
Bruk av utstyr og eigendelar
Medarbeidarar som bruker Wattn AS sitt utstyr og eigendelar i arbeidet må bruke det med varsemd og i trå med retningslinjer/instruksar.
Medarbeidarane skal utføre arbeidet sitt i samsvar med retningslinjer / instruksar som gjeld for arbeidet. Den enkelte medarbeidar skal vidare bruke nødvendig verneutstyr, vise aktsemd og elles medverke til å hindre ulukker og helseskadar.
Medarbeidarar skal ikkje bruke Wattn AS sine IT-system til aktivitetar som strid mot norsk lov, eller som kan oppfattast uetisk eller støttande.
Privat bruk av Wattn AS sitt utstyr og eigendelar skal vere avklart, brukast med varsemd og i samsvar med retningslinjer. Medarbeidaren er sjølv ansvarleg for utstyret ein låner.
Informasjon til media.
Uttalar til media skal skje i samsvar med Wattn AS sine retningslinjer for informasjon til media. Det vil seie at før opplysningar vert gjevne, må det vere klart at det ikkje er i strid med lover og retningslinjer.
- Uttalar til media om saker av “fagleg” karakter skal gjevast av medarbeidarar som har fagkunnskap og som i trå med retningslinjene kan uttale seg til media.
- Uttaler til media om saker av prinsipiell eller politisk karakter skal berre gjevast av adm.direktør eller styreleiar.
- Wattn AS sine styresaker ikkje offentlege. Informasjon til media skal difor gjevast av adm.direktør eller styreleiar.
- Medarbeidarar som har tilgang til styresakene har ikkje høve til å bringe vidare til uvedkomande denne informasjonen.
Medarbeidarane pliktar å teie om alle forhold som gjeld drift eller forretningsforhold samt personalopplysningar som vedkomande har fått kjennskap til i samband med arbeidet. Alle tilsette i Wattn AS må signere erklæring om teieplikt.
Regler for god kommunikasjon
I Wattn AS så vert det forventa at all informasjon og kommunikasjon, internt og eksternt, skal være profesjonell og bidra til å skape gode relasjonar og godt omdømme.
Medarbeidarane skal ikkje bruke Wattn AS sine kommunikasjonskanalar til negativ omtale av kundar, forretningsforbindelsar eller medarbeidarar, eller på annan måte som er i strid med selskapet sine etiske regler.
Mobbing, trakassering og diskriminering
I Wattn AS er respekt og likeverd sjølvsagt og der er ikkje aksept for mobbing, trakassering og diskriminering. Alle plikter å seie i frå om dette og slike forhold skal følgjast opp umiddelbart med dei det gjeld.Rusmiddel
Wattn AS er en rusfri arbeidsplass. Bruk av alkohol eller andre rusmiddel i samband med arbeidet er å sjå på som oppseiingsgrunn. Unntak kan gjerast dersom ein vel å delta i behandlings- og ettervernopplegget.Ved særskilde arrangement for kundar, leverandørar og medarbeidarar, kan det i regi Wattn AS serverast avgrensa mengder alkohol når det er oppfatta som passande.
Organisasjonsfridom
Retten til å organisere seg er ein grunnleggande menneskerett. Artikkel 8 i FNs konvensjon om økonomisk, sosiale og kulturelle rettigheiter slår fast at alle har rett til å danne fagforeiningar og slutte seg til ei fagforeining etter eige val. I arbeidsmiljølova heiter det i §13-1 at direkte og indirekte diskriminering på grunnlag av medlemskap i arbeidstakarorganisasjonar er forbode.
Ein stor andel av våre tilsette er medlem i ei fagforeining, og det er viktig for oss å ha eit godt samarbeid med desse fagforeiningane.Retningslinjer for kommunikasjon om berekraft
Vår berekraftstrategi skal definere mål og retning for vårt arbeid i åra framover.
Retningslinjer for kommunikasjon om berekraft skal hjelpe oss å synleggjere både ambisjonar, resultat og framgong for alle interessentar. Vi skal også vere ærleg på dei områda der vi ikkje presterer godt nok. Vår kommunikasjon skal vere ærleg, forståeleg og tilgjengeleg.
Vi har prioritert fem fokusområder der vi meiner at vi kan gjere størst forskjell. Kva desse er og kva tiltak vi har satt i gong innanfor desse områda skal vi vere opne om.
Tilgjengeleggjering av informasjon
Vi skal gjere relevant berekraftsinformasjon tilgjengeleg for både kundar, tilsette og andre interessentar. Vi skal kommunisere lettfatteleg og tydeleg. Det skal vere enkelt å finne informasjon om korleis vi jobbar med berekraft.
Produktinformasjonen skal presenterast slik at det er enkelt for kundar å ta berekraftige val. Vår heimeside wattn.no og vår årsrapport vil vere naturlege hovudkjelde til informasjon om kva vi gjer for at vi saman skal nå FN sine berekraftsmål.
Grønvaskingsplakat
Vi har signert grønvaskingsplakaten som er ein veiledar for god og berekraftig kommunikasjon.
Grønvasking er ei form for villedande marknadsføring der eit produkt eller ei verksemd vert framstilt som betre enn det den faktisk er, i forhold til innvirkning på klima, natur, dyr og mennesker. Plakaten er ei rettesnor for små og store versemder som vil unngå grønvasking og bidra positivt til at det grøne skiftet skjer raskare. Les meir om grønvaskingsplakaten her (lenke).I punkta under er forklaringa på korleis vi vil etterleve prinsippa.
Vere ærleg og etterretteleg
Vi skal vere forsiktige med å bruke ord som grøn, berekraftig, resirkulerbar, eco- og rettferdig, utan å samtidig forklare og dokumentere kva vi har gjort eller skal gjere. Vi skal også unngå glansbilde av rein natur, grøne blader, vindmøller i solnedgong eller lykkelege arbeidarar for å framstå meir berekraftig. Naturlig nok skal resultat frå testar og undersøkelsar ikkje tilpassast til eigen fordel.
Pass på at berekraftsarbeidet ikkje bare skjer i kommunikasjons- og marknadsavdelinga
Vårt berekraftsfokus er forankra i vår forretningsstrategi og vi arbeidar for at alle ansatte i selskapet skal ha eit bevisst forhold til berekraft. Det vert utarbeida retningslinjer for korleis vi jobbar med berekraft i produkt og tenesteutvikling samt eksempel på korleis dette vert handtert opp mot våre leverandørar.
Ver varsom med å snakke om viktigheita av berekraft, natur, klima, menneskeverd og etisk handel, dersom ein sjølv ikkje tar reelle grep Vår kommunikasjon skal vere forankra i våre målsettingar og fokusområder.
Unngå å tåkelegge eller underkommunisere eige utslepp og negative avtrykk på klima, natur og mennesker
Vi skal vere transparent i vår kommunikasjon. Der vi fortsatt har ein veg å gå, skal vi kommunisere kva vi gjer for å bli betre.
Ver varsom med å bruke ein stor del av marknadsbudsjettet på små tiltak som ikkje gjer noko med det vesentlege fotavtrykket
Vi forpliktar oss til å bruke mesteparten av vår tid og midlar til å prioritere store langsiktige tiltak framfor å bruke store delar av marknadsbudsjettet til å formidle små gevinstar innanfor berekraftsarbeidet.
Unngå å kjøpe godt samvit gjennom klimakvoter eller ved å la andre plukke plast
Vi jobbar kontinuerleg for å redusere våre eigne utslepp først. Vi vil kvart år sette ned og gjennomføre ei rekke tiltak for at vi skal redusere vårt fotavtrykk. Fram til vi er klimanøytral vil vi kjøpe klimakvoter, men dette er ikkje ei hvilepute og kun ei midlertidig løysing.
Bruk dei etablerte merkeordningane, eller jobb for å etablere gode merkeordningar på tvers av din bransje dersom det manglar
Vi forpliktar oss til å bruke etablerte merkeordningar.
Ver forsiktig med uttrykk som betre for klima, betre for naturen, betre for miljøet osv.
Kommunikasjonen av våre produkt og tenester skal vere transparent og enkle å forstå. Når vi kommunisera om våre initiativ skal vi forklare korleis og kvifor dette er berekraftig, gjennom å vise til resultat. Når vi seier at noko er berekraftig skal vi grunngje dette.
Ver varsom med å marknadsføre verksemder kun på berekraftsmål den er god på
Vi har utarbeidd fokusområder innanfor berekraft der vi meinar vi har størst moglegheit til å påverke. Desse fokusområda er utarbeidd etter ein grundig innsikts- og analyseprosess. Kvart år sett vi opp tiltak for å nå måla som er satt. Vi vil vere open og transparente om vegen vi har å gå
Ver forsiktig med å bruke donasjonar og sponsorat som bevis på at du jobbar med berekraft
Fokuset på berekraft skal gjennomsyre heile vår forretning. Naturlig nok vil våre sponsorat også ha berekraftselement i seg. Men desse sponsorata vil ikkje bli brukt som «bevis» på at vi er opptatt av berekraft. Det at vi er opptatt av berekraft håpar vi vil gjenspegle seg i alt arbeid vi gjer i kjernedrifta av selskapet.Varslingsrutiner
Formål
Formålet med varslingsrutinene er å sikre at arbeidstakaren sin rett til å fremme varsel om kritikkverdige forhold. Arbeidstakaren rett til å varsle er regulert i Arbeidsmiljølova kapittel. 2A.
Kva er kritikkverdige forhold?
Med kritikkverdige forhold meiner vi forhold som er i strid med rettsreglar, etiske retningsliner i selskapet eller etiske normer som det er brei semje om i samfunnet, og som kan medføre:- fare for liv og helse
- fare for klima og miljø
- korrupsjon eller anna økonomisk kriminalitet
- myndigheitsmissbruk
- uforsvarleg arbeidsmiljø
- trakassering og diskriminering
- brot på personopplysningssikkerheita
- vesentleg brot på selskapet sine rutinar for styring og kontroll
- manglande oppfølging av selskapet sine policys og retningslinjer
Ytringar som gjeld arbeidstakarens eige arbeidsforhold vert ikkje rekna som varsling, med mindre dei omhandlar dei punkt som er omtalt ovanfor.
Varslingsrett og -plikt
Arbeidstakarane har både rett og plikt til å varsle om kritikkverdige forhold i selskapet. Plikt til å seie frå gjeld saker som omhandlar:- feil eller mangler som kan føre til fare for liv og helse
- trakassering og diskriminering
- skader og/eller sjukdom som har si årsak i arbeidet eller forhold på arbeidsplassen.
Den som varslar har rett til å varsle anonymt, skriftleg eller munnleg.
Kven kan det varslast til?
Dersom arbeidstakaren oppdagar kritikkverdige forhold skal det varslast. Selskapet sine retningsliner for varsling gir to alternative kanalar:- Varsling i linjen / leiinga (næraste leiar, HR-sjef eller AD)
- Varsling til tillitsvalt/verneombod
Når ein varsler via tillitsvalt eller verneombod så må dei vidareformiddle varselet før arbeidsgivaren si plikt til å følgje slår inn.
Handtering av varsel
Følgjande prinsipp gjeld for handtering av varsling:- Alle varslar skal følgjast opp innan rimeleg tid.
- Anonymitet er mulig
- Alle varslingsmetoder skal følgjast opp likt.
- Varslar skal handsamast konfidensielt
- Varslingssystemet skal kunne brukast utan frykt for konsekvensar
- Varslaren skal få tilbakemelding innan rimeleg tid.
Den som mottek varselet skal normalt informere HR-sjef og/eller AD om saka. Deretter skal ein avklare korleis saka skal følgjast opp. Det skal gjerast ei vurdering av kven som har relevant kompetanse og objektivitet til å følgje opp saka. Fakta må kartleggast ved gjennomgang av dokumentasjon og/eller intervju. Dersom varselet retter seg mot ein bestemt person så skal vedkomande som hovudregel verte gjort kjent med varselet og dei opplysningane som er gitt. Og med det som utgangspunkt få gi eit tilsvar i saka. Oppfølginga av varselet skal dokumenterast skriftleg til det ligg føre ein konklusjon. Partane skal varslast når det ligg føre ein konklusjon i saka. Dersom det vert konkludert med at det har skjedd kritikkverdige fohold, så må arbeidsgivaren ta stilling til alvorligheitsgrada på brotet.
Arbeidsgivaren har også ansvaret for at den som varsler har eit fult forsvarlig arbeidsmiljø både under og etter sakshandsaminga, og om nødvendig sørge for tiltak som hindrar gjengjeldelse.
Policy diskriminering
Wattn skal arbeide aktivt og målretta for å fremme likestilling og hindre diskriminering og trakassering.
For å nå målet skal vi:- Etterleve “Lov om likestilling og forbod mot diskriminering”, med fokus på å fremme likestilling og forby diskriminering og trakassering. Forbodet gjelder på grunn av: kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet (blant annet nasjonal opprinnelse, hudfarge og språk), religion, livssyn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, politisk syn, medlemskap i fagforeiningar.
- Sørge for at dette gjeld hele arbeidsforholdet – frå stillinga vert lyst ut til arbeidsforholdet tek slutt.
- Ikkje forskjellsbehandle søkjarar, medarbeidarar eller innleige medarbeidarar utan sakleg og lovleg grunn.
- Innarbeid gode rutinar for alle i selskapet, og jobbe kontinuerleg med forbedringsfokus gjennom avviksrapportering.
- Vurdere resultatet av arbeidet vårt med likestilling og forbod mot diskriminering og trakassering ved å undersøke om det finnes risiko for diskriminering eller andre hindre for likestilling, analysere funn og iverksette eigna tiltak.
Retningslinjer for tenestereiser
Formål
Wattn ønsker å legge til rette for at tenestereiser skjer på ein berekraftig, miljøvennleg, sikker, praktisk og kostnadseffektiv måte for medarbeidarane våre.
Wattn ønsker å legge til rette for stadig auka bruk av videokonferansar internt og eksternt. I tråd med målsettinga om å gå føre som eit godt eksempel for omgjevnadane våre og redusere vårt eige klimaavtrykk på tenestereiser frå referanseåret 2022 med 20 % innan utgangen av 2024, skal tilsette velje klimavennlege møte- og reiseaktivitetar.
Hovudprinsipp
Før vi reiser blir følgande vurderingar gjort
Før alle reiser skal det bli gjort ei vurdering av behovet, både når det gjeld tidsbruk, kostnadar og klimaperspektivet.
Har ein møter på to timar eller mindre må ein alltid vurdere om ein kan erstatte det med eit digitalt møte. Spesielt gjeld dette lange reiser med mellom anna flytransport.
Når vi skal reise blir følgande vurderingar gjort
Møter og gjennomføringstidspunkt bør planleggast med mål om å oppnå kortast mogleg samla reiselengde og reisetid.
Grøn og miljøvennleg transport skal ha førsteprioritet, så langt det er mogleg med omsyn til forsvarleg tidsbruk, praktisk gjennomføring og kostnadseffektivitet.
Der det er praktisk bør ein legge til rette for felleskøyring spesielt ved interne møter/ arrangement.
Planlegge slik at ein kan gjennomføre fleire møter på same reise.
For å redusere risiko i samband med jobbreiser bør ein vurdere å unngå at kritiske funksjonar i selskapet nyttar same transportmiddel.
Etter reisa er gjennomført
Hugs å skrive reiserekning slik at selskapet får registrert reisa og registeret aktiviteten i selskapet
Vurder om reisa kunne vore lagt opp meir effektivt
God tur!Personvernpolicy
Miljøfyrtårnsertifisering
Våre kontor blei miljøfyrtårnsertifisert 3. mars 2022.
Har du innspel, eller spørsmål?
Vi set stor pris på gode innspel og spørsmål! Så sit du og lurer noko, send ein epost til leiar for berekraft, Elin Hessen på elin.hessen@wattn.no.