Wattn_teknologi_strøm

Aktuelt

Vi søkjer CEO

Vi søkjer ein framoverlent og engasjert toppleiar som skal leie Wattn til å bli det beste og største straumselskapet i landet, med fokus på berekraft, det lokale og den beste kundereisa.

Administrerande direktør skal leie Wattn til å bli det beste og største straumselskapet i landet, med fokus på berekraft, det lokale og den beste kundereisa. Selskapet er skapt av energikonserna TAFJORD, Tussa, SFE og Sognekraft og har ein desentralisert struktur. Den nye leiaren får ei viktig rolle i å hente ut det felles potensialet som dei ulike lokale marknadsaktørane representerar, og utvikle god samhandling og bygge ein felles kultur på tvers av lokasjonar.

Ansvarsområder og arbeidsoppgåver:

Fortsette selskapets transformasjon mot eit leiande, innovativt markadsselskap
Drive fram selskapet sin organiske og uorganiske vekst
Identifisere forretningsmoglegheiter og strategiske partnarskap
Skape engasjement og drivkraft mot felles mål – eitt Wattn på tvers av lokasjonar
Kommunisere, operasjonalisere og forankre strategiske tema på alle nivå i selskapet
Bygge sterke og framoverlente fagmiljø og ein organisasjon med høg bevisstheit på trendar, marknadar og kundebehov
Skape den beste kundereisa

Ønska kompetanse og bakgrunn:

Solid leiarerfaring og dokumenterte resultat frå ei kommersiell verksemd med stor kundebase
Leiaransvar frå verksemd utsatt for sterk konkurranse
Erfaring med endringsprosessar
Bakgrunn frå forretningsutvikling, sal og marknadsføring
Relevant høgare utdanning

Stillinga vil vere lokalisert på ein av Wattn sine kontorlokasjonar i Ålesund, Sandane, Førde, Florø, Ørsta, Kvinnherad, Vik i Sogn og Stryn. Wattn er alltid på utkikk etter dei beste folka og vil også vurdere kandidatar lokalisert andre stadar. Noko reiseverksemd vil forekomme.

Rekrutteringsbyrået Visindi håndterar søknadsprosessen.

FINN-kode: 283477876