

05. juli, 2022
Bli ein del av bedriftsteamet vårt!
STILLING LEDIG
Teknisk Key Account Manager
Wattn er ein av dei største straumleverandørane i Norge, med fokus på forenkling og innsikt gjennom framtidsretta og berekraftige løysingar. Dagleg jobbar over 50 tilsette for å gjere straumkvardagen enklare for bedrifter og folk flest over heile landet. Vi har kontor langs heile vestlandskysten, frå Kvinnherad i sør til Ålesund i nord.
Dine arbeidsoppgåver
Teknisk sal og rådgiving til nye og eksisterande bedriftskundar
Sal av tenester som energistyring, solcelle og hardware.
Rådgivning knytt til energi, energisparing og miljø .
Ansvar for å utvikle ein etablert, eigen kundeportefølje.
Bidra til innovasjon og utvikling av nye produkt og tenester.
Vi søker deg som har
Teknisk utdanning på ingeniørnivå eller fagbrev innen automasjon/elektro. Annan teknisk utdanning kan også vere aktuelt.
Dokumentert salserfaring og resultat.
Erfaring med sal, energirådgiving og energileiing.
Erfaring med ulike kommunikasjonsgrensesnitt for datautveksling.
God IT-forståing.
Vi håpar du er
Målretta og resultatorientert.
Ein god nettverk -og relasjonsbyggjar.
Engasjert, nytenkande og har gjennomføringsevne.
Utviklingsorientert og god til å dele kunnskap med kollegaer.
Like gla i å jobbe sjølvstendig, som i team.
Spørsmål og søknad
For spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med:
Leiar for bedrift, Camilla Blom, epost camilla.blom@wattn.no eller tlf. 41 59 77 05
Leiar for HR, Per-Are Sørheim, epost per.are.sorheim@wattn.no eller tlf. 91 85 25 41
For å søke på stillinga sender du søknad og CV til karriere@wattn.no
Merk søknadsfrist 01.09.2022.
Send søknad og CV til karriere@wattn.no
Kort om stillinga
Stilling: Teknisk KAM for bedriftsmarknaden
Sektor: Privat
Bransje: Energi
Stad: På ein av våre kontorlokasjonar nær deg - Ålesund, Sandane, Ørsta, Førde, Florø, Stryn, Vik i Sogn og Kvinnherad.
Arbeidsspråk: Norsk
Søknadsfrist: 01.09.2022
Send søknad og CV til karriere@wattn.no