Steinarogtrond 20 cm

Aktuelt

19. oktober, 2022

Vi søkjer CCO

Vi søkjer ein framoverlent og engasjert leiar som skal drive den kommersielle utviklinga i selskapet, og byggje gode partnarskap og relasjonar både internt og eksternt.

CCO får eit kommersielt ansvar på tvers av selskapet sine forretningsområder, og vil jobbe aktivt med sal, markedsføring, strategi og forretningsutvikling for å utvikle nye produkt, tenester og kundeopplevingar. Vedkomande vil også vere ein pådrivar for den pågåande transformasjonen til å bli eit endå meir innovativt og kundeorientert marknadsselskap. Stillinga rapporterar til administrerande direktør (CEO), og er ein del av den øvste leiargruppa i Wattn AS.

Vi søkjer ein framoverlent og engasjert leiar som skal drive den kommersielle utviklinga i selskapet, og bygge gode partnarskap og relasjonar, både internt og eksternt. Vi ønsker oss ein visjonær og strategisk leiar som begeistrar og bidreg til å løfte selskapet for å nå vekstambisjonane.

Den rette kandidaten bør ha erfaring frå marknadsføring og salsleiing, og leiarerfaring - helst med personal-, og resultatansvar frå kommersielle konkurranseutsatte verksemder med stor B2C kundebase, og abonnementsinntekter. Fortrinnsvis søkjer vi ein kandidat med utdanning på masternivå innan relevante fagområder, men solid erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Stillinga vil vere lokalisert på ein av Wattn sin kontorlokasjonar i Ålesund, Sandane, Førde, Florø, Ørsta, Kvinnherad, Vik i Sogn og Stryn. Wattn er alltid på utkikk etter dei beste folka og vil også vurdere kandidatar lokalisert andre plassar. Stillinga vil medføre noko reiseverksemd.

Rekrutteringsbyrået Visindi håndterar søknadsprosessen.