Wattn stolt sponsor Stikk UT Festival 2023

Aktuelt

Stikk UT! Festival

Den 1. - 10. september vert det arrangert Stikk UT! Festival i heile Møre og Romsdal, der målet er å vere meir ute på tur saman.

Som stolt samarbeidspartnar til Stikk UT! arrangerer vi fellesturar saman med friluftsrådet. Med fokus på turglede og samhald byr vi på enkel servering og kjekke konkurransar.

Torsdag 7. september, kl 11.00 - 12.30
Vi inviterer til lunsjtur til Skodjebruene (Digerneset) saman med friluftsrådet, SBM og Granne.

Fredag 8. september, kl 11.00 - 12.30
Vi inviterer til lunsjtur rundt Lillevatnet i Ålesund saman med friluftsrådet, SBM og Granne.

Fokus - saman på tur
​​​​​​​Denne veka oppfordrar vi alle til å ta ein tur eller to til eit eller fleire av dei 500 turmåla i årets sesong - og ta gjerne med deg nokon på tur.

Friluftslivets veke over heile landet
Friluftslivets veke har som mål å få fleire ut i naturen, ha det kjekt og skape gode minner! Det er Norsk Friluftsliv og dei norske friluftslivsorganisasjonane som står bak. Denne veka blir alle i heile Norge invitert med ut i naturen og til å delta på spennande friluftslivsaktivitetar i regi av lokale lag og foreningar, organisasjonar, friluftsråd og kommunen der ein bur.

På Stikk UT sine nettsider finn du meir infomasjon og oversikt over alle turar og fellesturar i heile festivalperioda.