Wattn_smart_lading_elbil

Teknologi

Kom i gong med smartlading

Smartlading ladar du alltid elbilen billegast mogleg enten du har heimeladar eller ikkje. Før du set i gong med ladinga har vi laga ei lita sjekklist som kan vere lurt å ta ein kikk på.
  • Du kan ikkje vere innlogga i andre smarte ladeprogram
  • Ladeplan med tidsur må vere deaktivert i bilen sin eigen app
  • GPS tracking må vere skrudd på, det er denne som blir brukt til å finne prisområde
  • Det må vere satt tid for når ladinga skal vere ferdig. Tid frå ladestart til ladeslutt må ha tilstrekkeleg lengde for at Smart lading kan bli aktivert
  • Bilen må vere kobla til ein ladar
  • Det må vere tilstrekkeleg lademoglegheit på batteriet. Tilnærma fullada batteri vil ikkje aktivere Smart lading.
  • Det må vere potensiale for tilstrekkeleg kostnadsbesparelse