Aktuelt
20. desember, 2024
Vi søker etter Innhaldsprodusent
Arbeidskvardagen din
Som innhaldsprodusent hos oss vil du få ein variert og dynamisk kvardag. Her får du høve til å skape innhald til fleire ulike digitale medium og nå ut til eit stort publikum. I rolla vil du få bruk for kreativiteten din og vi legg til rette for god personleg og fagleg utvikling. Du kjem inn i eit miljø med engasjerte og erfarne kollegaer i eit selskap med store vekstambisjonar.
I stillinga vil du rapportere til marknadssjef og jobbe i marknadsavdelinga med arbeidsstad på eit av kontora våre i Ålesund, Sandane, Ørsta eller Kvinnherad. Her vil du jobbe både i team og sjølvstendig med store moglegheiter for å få meir ansvar for det kreative.
Nokre av dine viktigaste arbeidsoppgåver:
- Planlegging av innhald i tråd med målet og strategien til selskapet
- Utvikle kreative konsept som forsterkar det digitale nærværet vårt
- Produksjon og publisering av engasjerande innhald som videoar, bilete og grafiske element til SoMe, nettsider og interne kanalar
- Tekstproduksjon og utforming av skriftleg innhald som guidar, beskrivingar og artiklar
Kven er du?
Vi ser etter deg med utdanning og/eller erfaring frå innhaldsproduksjon. Du har gjerne bakgrunn frå grafisk design, innhaldsproduksjon, digital kommunikasjon e.l. Vi ser for oss at du har sterk interesse for å skape innhald som engasjerer eit variert publikum. Det vil vere ein fordel med erfaring frå marknadsarbeid og innhaldsproduksjon. I tillegg vil god kunnskap om ulike plattformer som Meta, Google, Linkedin m.m. vere ein fordel.
Som person trur vi du er kreativ, sjølvstendig og energisk. Vi verdset om du liker å ta initiativ og er komfortabel med å vere både foran og bak kamera.
Innhaldsprodusent
Arbeidsstad: Ålesund, Sandane, Ørsta, Kvinnherad
Søknadsfrist: 27.01.2025
Andre ledige stillingar
Vi søker Marknadsførar CRM
Aktuelt
20. desember, 2024