Wattn app juni23 2000x700n

Aktuelt

Nyheit! Skreddarsy di eiga framside i appen

Den nye funksjonen lar deg skape ei meir personleg tilpassing av appen. Ved å velje favorittane dine til framsida får du kjapt tilgong til den informasjonen som er viktig og nyttig for akkurat deg.



Finn og legg til favorittane dine

Når appen er oppdatert med den nye favoritt-funksjonen vil framsida di vere «tom». For å finne favorittane dine trykker du på «legg til favorittar».

Så er det bare å begynne å velge dei favorittane du vil skal vise på framsida i appen. Ved å trykke på + oppe i hjørnet på dei ulike funksjonane vil dei automatisk legge seg til på framsida di. Du kan legge til og fjerne favorittar akkurat som du sjølv ønsker.


Når du har lagt til dei favorittane du vil ha, trykker du deg tilbake til framsida.

Simsalabim - di eiga skreddarsydde framside!

Automagisk oppdatering


Appen skal bli oppdatert automatisk, men får du ikkje opp den nye framsida kan det hjelpe å logge ut av appen og logge inn på nytt. Fungera det fortsatt ikkje, kan det vere at du må avinstallere appen og installere den på nytt.

Innspel, ris eller ros?

Har du testa ut den nye framsida i appen? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Om det er innspel, ris eller ros tek vi i mot med opne armar.
Det er slike tilbakemeldingar som gjer oss betre!

Wattn strøm strømforbruk app

Appen for ein smartare straumkvardag

Sjekk ut meir av appen