Energiarena 1920x500 okt23 bok

EnergiArena webinar

Er energikrisen over eller risikerer vi nok ein rekordvinter? Går vi ein kald vinter i møte og vil vêret ha stor innverknad på straumprisane? Vi gjer deg og bedrifta di klar for vinteren og inviterar til Webinar tysdag 3. oktober.

Program


Kl. 09.00 Velkommen
Camilla Blom, Leiar for bedriftsmarknad i Wattn


Kl. 09.10 Kraftmarknaden
Margrete Hovde, Rådgivar kraftmarknaden i Wattn og Olav Botnen, Kraftanalytikar i Volt Power Analytics

Margrete Hovde har med seg den mangeårige samarbeidspartnaren vår, kraftekspert og analytikar Olav Botnen. Olav er blant Nordens mest erfarne kraftmarknadsanalytikarar med ekspertise som også dekkjer dei kontinentale europeiske kraftmarknadane, saman med andre råvarer. Han vil gi oss eit innblikk i dei ulike prisdrivarane og marknaden både på kort og lang sikt.

Kl. 09.35 Kraftpraten
Margrete og Olav tek kraftpraten rundt prissikring og svarer på spørsmål frå deltakarane.

Kl. 09.45 Energimerking EU - Fit for 55
Rune Jelle-Slenes, Teknisk KAM i Wattn

EUs grøne pakke "Fit for 55" inneheld nye og større ambisjonar for energimerking og energiprestasjonar til bygg. Vi tek ein gjennomgang av korleis dette kan påverke bedrifta di.

Kl. 10.00 Nyheiter i Bedriftsportalen
Trond Andre Hagen, Teknisk KAM i Wattn

Vi går gjennom nyttige funksjonar i bedriftsportal; som setting av effektvarsel. Vi viser også ny layout for forbruk og kostnadsrapport.

Kl. 10.10 Energileiing
Rune Jelle-Slenes, Teknisk KAM i Wattn

Rune følgjer opp tråden frå førre samling, og kjem med nyttige tips og tiltak som ein bør setje i verk inn mot hausten og vinteren.

Kl. 10.30
Vi rundar av og opplyser om dei fysiske samlingane som kjem i november.


Har du spørsmål, eller lurer på noko?

Rune Jelle-Slenes

Rune Jelle-Slenes

Teknisk KAM

99 39 95 76rune.jelle-slenes@wattn.no
Wattn-bedrift-KAM-Trond

Trond André Hagen

Teknisk KAM i Wattn

40 41 07 60trond.hagen@wattn.no
Margrete Heltne Hovde 72dpi

Margrete Heltne Hovde

Seniorrådgivar kraftmarked

91 31 83 40margrete.hovde@wattn.no