

Aktuelt
Kraftrapportar og rådgiving
Det er mykje snakk om straumprisar, men dei færraste kjenner marknaden godt nok til å forstå kva som faktisk driv prisane. Gjennom god rådgiving og oppdaterte kraftrapportar, kan du få god innsikt i det forventa prisnivået dei komande periodane, og halde deg oppdatert på kva retning marknaden tek. Denne kunnskapen er eit viktig grunnlag for å velje rett kraftavtale til rett tid.
Vi ønsker å hjelpe bedrifta di til å ha lavast mogleg straumkostnad, og tilbyr ulike forvaltningsavtalar skreddarsydd ditt behov. Vi varslar deg når marknaden er i ferd med å stige, slik at vi saman kan ta grep i tide. Saman finn vi løysingane som gagnar bedrifta di.
- Jamnleg orientering om kraftmarknaden
- Fagleg sterke rådgivarar som spelar på lag med deg for å gje deg den beste avtalen
- Effektivisering av energiforbruket
God innsikt gir grunnlag for gode og berekraftige val
Ved å kjenne eige forbruk, kombinert med innsikt i kraftmarknaden er ein betre i stand til å ta dei rette vala. Vi tilbyr deg og di bedrift denne innsikten gjennom månads- og vekesrapportar. Eit godt verktøy for deg som ynskjer å ha oversikt over utviklinga i kraftmarknaden.
Ta kontakt med oss