Wattn profil gradient blå

Kompetanse

Wattn søker etter ein engasjert og resultatorientert marknadssjef!

I Wattn siktar vi mot stjernene, og søker no etter ein resultatorientert og engasjert marknadssjef som kan vere med å realisere dei ambisiøse måla våre.

Som marknadssjef vil du ha det overordna ansvaret for å utvikle og implementere marknadsstrategien vår, styrke posisjonen og utvikle den beste kundeopplevinga som gjer at kundane våre alltid er smilande og fornøgde. Du kjem til å jobbe saman med ei rekke kreative menneske, og vil ha eit tett samarbeid med CCO og andre avdelingar for å utvikle kampanjar som engasjerer målgruppene våre.


Hovudoppgåvene dine vil vere å

- utvikle og implementere marknadsstrategiar som fremjar vekst og aukar kundelojalitet
- leie og motivere marknadsteamet til å jobbe framoverlent og oppnå resultat
- ivareta og vidareutvikle merkevare og identitet
- styrke posisjonen i marknaden
- analysere marknadsdata og trendar for å sjå moglegheiter og potensielle utfordringar
- overvåke og evaluere kampanjeresultat for å stadig bli bedre
- bruke innsikt og analyse for å møte kundane sine behov, og drive vidare utvikling og innovasjon
- sørge for at alle marknadsaktivitetar er i tråd med overordna strategi og verdiar
- sikre konsistent og engasjerande kundekommunikasjon i alle kanalar
- identifisere og etablere strategiske samarbeid og sponsoravtaler som styrkar merkevare og posisjon
- optimalisere og administrere eigne kanalar (webside/app/SoMe)


Vi trur du vil trivast om du kjenner deg igjen i dette

- Høgare utdanning innan marknadsføring, kommunikasjon, sal eller tilsvarande
- Minimum 3 års erfaring frå marknadsføring
- Dokumentert suksess med å utvikle og gjennomføre marknadsføringsstrategiar som gir resultat
- Gode leiareigenskapar, og brei erfaring med å leie eit team til nye høgder
- Oppdatert og følger tett med på marknadstrendar og det som skjer
- Kunnskap, forståing og erfaring innen moderne innsiktsbasert digital markedsføring
- Dyktig og uredd formidlar med utmerka kommunikasjonsevner
- Gode analytiske ferdigheiter, og evne til å omsette data til effektive marknadsføringsstrategiar


Vi ser etter deg som er

- ein lagspelar – du trivast med å jobbe og leie team, og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Du lar dei tilsette få blomstre, og motiverer til lagspel.
- kundefokusert – du har eit skarpt auge for kva som skapar den beste kundeopplevinga, og har alltid kunden i fokus.
- fleksibel – du snur deg raskt når omgjevnadane krev det
- resultatorientert – du har konkurranseinstinkt, og drives av å nå mål og levere over forventning
- nysgjerrig og framoverlent – du søker stadig nye måtar å forstå og engasjere kundane på
- nøyaktig, og har eit auge for detaljar


Dette kan vi tilby deg

- interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein spennande bransje
- godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og sterkt engasjement
- svært gode personlege- og faglege utviklingsmoglegheiter
- gode personalordningar og konkurransedyktige vilkår
- store moglegheiter til å bidra i utvikling av selskapet


Høyres dette ut som noko for deg? Ikkje nøl med å sende inn ein søknad til karriere@wattn.no.

Dersom du har spørsmål eller ønsker meir informasjon kan du ta kontakt med vår sals- og marknadsdirektør (CCO), Frank Torheim. Vi ser fram til å høyre frå deg!

  • Arbeidsstad: På ein av våre kontorlokasjonar på Nordvestlandet
  • Søknadsfrist: 12. september
  • Søknaden din sender du til karriere@wattn.no
  • Kontakt: Frank Torheim, tlf. 98 85 40 06, e-post: frank.torheim@wattn.no