×

Viktig! Vi får mange spørsmål om regjeringen sin kompensasjonsordning. Dersom du har spørsmål knyttet mot dette, kan du se om du finner svar på NVE sine sider her.

Vannkraft 2000x700

Bærekraft

Opprinnelsesgaranti

Du har mulighet til å påvirke strømprodusentene til å produsere mer strøm fra fornybare energikilder. Desto mer strøm med garanti som blir kjøpt, desto mer fornybar strøm må det produseres.

Opphavsgarantiar gir deg moglegheit til å velje mellom fornybar straum og ikkje-fornybar straum. Derav namnet, opphavsgaranti. Med denne garantien kan straumkundar i Europa og her heime, vise at det er produsert like mykje fornybar straum – straum frå vatn, vind eller sol – som blir brukt. Dess meir straum med garanti som blir kjøpt, dess meir fornybar straum må det produserast.

Straum er ferskvare
Straum som blir produsert må brukast med ein gong. Den kan ikkje lagrast. Så kva straum vi til ei kvar tid brukar, er derfor avhengig av kva straum som er tilgjengelig der og då. Nokre gongar sørger velfylte vassmagasin for at så og sei all straumen i stikkontakta di heime er fornybar. Andre gonger – ofte på grunn av lite nedbør – må vi importere straum frå andre land, og då gjerne gjennom energikjelder som kol og naturgass.

Du har moglegheit for å påverke
Opphavgarantiar gir deg moglegheit til å påverke straumprodusentane til å produsere meir straum frå fornybare energikjelder. Straumen inn i huset er den same, men ditt bidrag går til produksjon av meir fornybar energi. Dette er heldigvis ei moglegheit fleire og fleire ønsker å nytte seg av.

Les gjerne mer om opprinnelsegaranti på NVE.no.

Kontakt oss om du ønsker opprinnelsesgaranti