Vinter kompensasjonsordning

Straum

Straumstøtte til næringslivet

Grunna dei høge straumprisane vi har sett i vinter, har regjeringa lagt fram fleire kompensasjonsordningar for bedrifter.

Straumstøtte til jordbruk og veksthusnæring
Regjeringa har her lagt til grunn same støttemodell som for privat, men med eit litt høgare tak per månad på 20 000 kWh. For veksthus vil det ikkje vere tak. Støtta blir distribuert frå Landbruksdirektoratet. Registreringsfrist er 17. februar.

Les meir og registrer di bedrift her.

Burettslag og sameige
Fellesmålt straumforbruk i borettslag og sameige er også inkludert i Regjeringa si straumstøtteordning. Støtta vert berekna av nettselskapa, og stønad for desember og januar vil for dei fleste bli utbetalt i februar. Støtta følgjer i all hovudsak same ordning som for privatbustader, men med nokre særreglar.

Meir informasjon og pressemelding frå regjeringa finn du her.

Straumstøtte til Idrettslag
Idrettslag er også omfatta av støtteordninga. Her vil støtta gå ut til kommunane, som igjen vil distribuere vidare til dei enkelte idrettslaga. Denne ordninga gjeld for dei idrettslaga som har hatt ein gjennomsnittleg straumpris på over 70 øre/kWh.

Les meir på idrettsforbundet sine heimesider her.

Har du spørsmål som du ikkje får besvart over, ta gjerne kontakt med oss.