Moretrafo 2000x700

Kundehistoriar

Møre Trafo - Har kutta straumforbruket med over ti prosent

Møre Trafo i Sykkylven har jobba systematisk med både folk og bygg. Det merkar dei på straumrekninga.

Under Tafjord EnergiArena si tiårsfeiring blei den aller første "Årets TafjordEnergiArena-bedrift" kåra. Vinnaren var Møre Trafo i Sykkylven. I grunngjevinga for kvifor dei fekk prisen blei det framheva at dei hadde ein samla energifilosofi til nytte både for eiga bedrift og andre.

Teknisk sjef Knut Stadheim har saman med fabrikksjef Steinulf Grøvik stått i spissen for arbeidet som både har involvert folk sine idear og rutiner, i tillegg til fysiske endringar av fabrikken.

Stadheim fortel at dei har hatt møte der alle tilsette blei oppfordra til å komme med forslag til korleis ein kan spare straum. Og det har dei gjort. Slik har ein lagt om rutiner og gjort endringar som ikkje kostar ei krone – som å slå av lyset i rom som ikkje er i bruk, eller slå av maskiner som ikkje er i bruk.

Fyrer ikkje lenger for kråka

Produksjonsleiar, teknisk sjef og fabrikksjef har også jevnlige møter der energisparing står på dagsorden. Slik har ein funne "energitjuvane", og gjort noko med dei.

Møre Trafo har gjort tiltak som å få sentral driftskontroll på varme og ventilasjon, sikre ein el-kjel som hadde store varmetap, og skifte ut ein overdimensjonert kompressor. 56 vindu er skifta ut med nyare vindu med dobbel isoleringsevne, og alle utelys har blitt led-lys.

- Så no fyrer vi ikkje lenger for kråka med dei gamle lysa.

Investeringane har kosta 3,2 millioner kroner. Tjue prosent av dette blir dekt av Enova og resten blir over tid dekt av lågare straumrekning.

- Vi har kutta straumforbruket med over ti prosent, så investeringane er verd det.

Meir enn kroner og øre

Men Knut Stadheim peker på at dette reknestykket handlar om meir enn kroner og øre.

- Vi har også ei forplikting ovanfor miljøet. Vi skal ikkje bruke meir energi enn det som er nødvendig.

Stadheim fortel at han har vore med på alle samlingane til Tafjord EnergiArena og seier dette har vore ein viktig faktor for det arbeidet Møre Trafo har gjort med energisparing.

- I Tafjord EnergiArena blir vi pusha. I ein travel kvardag blir det lett til at vi konsentrerer oss om å produsere produkta våre og gjere dei endå bedre, men med programmet til Tafjord EnergiArena blir vi utfordra. Uten dette hadde vi vore på samme plass som vi var for tre år sidan.

Det nyttar

Stadheim tok i mot prisen på vegne av Møre Trafo under tiårsfeiringa av Tafjord EnergiArena. Han seier prisen er eit bevis på det de har gjort.

- Men det er ikkje slutt med dette. Prisen gir motivasjon til å fortsette med energisparing. Vi ser at det nyttar.

Har du lyst å høyre meir om EnergiArena kan du lese her, eller ta kontakt med våre rådgivarar.

Dei gode historiene fortset i Wattn

Møre Trafo var kunde av Tafjord Marked før samanslåinga. Kundehistoria er eit resultat av det, og står difor i Tafjord Marked sitt namn. Vi er stolte, og utruleg glade over å vidareføre det gode samarbeidet i Wattn.